6. sep. 2006

Bestemor på farten


I ca 50 år av denne bestemora sitt rikhaldige liv har den einaste utanlandsreisa ho har gjennomført vore ein skitur over svenskegrensa oppe i Trøndelag i 1968. Det var ikkje den heilt store opplevinga, snøen var kvit der og, og stilen på skiløparen var omtrent av same kvalitet som på den heimlege sida av grensa. Men den store oppdaginga som denne bestemora har gjort er at livet faktisk har mykje på lur også etter at 50- talet er passert.Sommarens store oppleving frå Thailand har lesarane våre blitt grundig informert om - kjempereise saman med min gode Knut til Kjartan, Eirin og Kaja i Pibon!
Afrika har alltid vore den store draumen, skikkeleg Afrika og eventyret starta for meg då vi nett hadde runda oss inn i det nye tusenåret. I 2000 fekk bispedømerådsleiaren delta på ei reise til Eritrea og det vart eit spanande møte med eit afrikansk land ved Raudehavet. Det gav meirsmak, og eg legg ikkje skjul på at eg gjerne ønskte meg ein ny tur, og då helst endå lenger inn på dette fargerike kontinentet. Og så- på fredag får eg tilbodet til å vera med KrF på ei vekes reise til Kenya! Snakk om...Eg er så utruleg glad, og eg synes eg er så KJEMPEHELDIG som får lov å vera med ! Eg gler meg til å få oppleva dette landet, læra, og få tid til å filosofera over at livskvalitet ikkje alltid er å finna der vi tenkjer det. Eg reiser 24. sept og kjem heimatt 1. okt. Då skal de få høyra meir.

2 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Hørres kjempespennande ud! Så kjekt at du får ver me! Glede meg te å hørra koss du har hatt det.

Eirin

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Makan til bestemor. Håper du får oppleve at det virkelig flyter av melk og honning i ditt lovede land.

God tur!

Kjartan