9. des. 2006

Margrethe


- Og så vart det Margrethe sin tur! Det eldste av dei tre nye skota på Sørheimsstammen i 2006, gjer sitt inntog på bloggen. Inge og Ann Ivalo si vesle jente - er ho ikkje flott?? Ikkje vanskeleg å sjå at denne jenta har det bra, smilande og blid og klar til å møta livet rundt seg. Ho har starta sitt møte med verda i Sogndal, men i næraste framtid er ho på veg til Hosanger der pappa Inge skal vera prest. Der får du det fint, Margrethe, "tante Kari" har vore i prestegarden på Hosanger mange gonger, og det kan ikkje vera så mange finare plassar å veksa opp på enn nett der. Vi gratulerer mamma og pappa, besteforeldre, tante og onklar med veslejenta, og ei spesiell helsing til onkel Sondre som sendte bildet!

Ingen kommentarer: