8. okt. 2007

Hurra for Ingebjørg!

Livet har mange gode gåver som vi ikkje har gjort mykje for å få. Ei av dei flottaste gåvene er det å vera tante. I dag heidrar vi tantejenta Ingebjørg alt det vi kan, og vi gler oss til å feira kvarandre på fredag. Ingebjørg er ei av dei flottaste jentene som er skapt, meiner vi. Omsorgsfull, livleg, sporty og full av varme og energi.
Oktober er liksom ikkje årstida då vi lukta på nyutsprunge kusymra, men det vart dette biletet likevel. Det passar på deg Ingebjørg, og dette biletet minner meg om ein spesiell dag som er er eit fint og godt minne i tante Kari sitt sinn. Ha ein flott dag!

1 kommentar:

Anonym sa...

Oioi... For eit innlegg.... Sjølv om eg ikkje kjenner meg heilt igjen, er det koseleg å bli huska på! Men ein like stor happening denne veka er jo fru bloggar sin eigen gebursdag! Hurra for tante Kari mi! Det var så kjekt å kome til dykk på fredag og vere med dykk alle saman. Er så glad for at de fins og for at eg får vere litt dykkar og!