19. feb. 2011

Lukas Theo sin dag!

Vår vesle sjarmerande Lukas Theo har sin første fødselsdag i dag, og bestemor og bestefar gratulerer denne herlege gutten med dagen!
Kjære Lukas Theo- eit år har gått sidan du i all hast kom til verda, og du var ikkje store karen. Det var ein spennande dag for heile familien din, men det gjekk bra både med deg og mammen din, og det er vi så uendelig glade for. Å sjå at du er ein frisk og rask gutt og på høgde med andre eitåringar er ei stor glede som går langt inn i bestemor og bestefar sine hjarte.
No må du feira og kosa deg og på tirsdag kjem du og pappa på "pappaperm" til bestemor, bestefar og tante Bente. Det blir stas, og vi gler oss veldig (tusen takk mamma)til å få bli endå betre kjent med deg.

Ingen kommentarer: