14. mai 2006

Berre til Kaja!

Hei Kaja!
I kveld vil bestemor visa deg dei flotte lamma som ho og bestefar såg på Kvamme i dag. Det var mange sauer og lam der, og dei kosa seg i sola. Lamma er så snille og søte, og så trur eg dei er veldig glade for dei hoppar og sprett og dansar så flott at bestemor må le av dei. Bestemor synes det er så kjekt å sjå på lamma, ho smiler masse når ho ser på dei.
Ser du lammet som snusar på nakken til mora si? Det hadde veldig lyst til å hoppa opp på mora, men det ville ikkje ho, ho ville eta av det grøne fine graset.


Då sprang lammet sin veg, i full fart opp over bakkane, berre eine foten var nedpå bakken, så fort sprang det....

Lammet synes visst det var gøy, og bestemor og bestefar måtte le av det. Men så ropte sauemora på lammet sitt, ho likte ikkje at det sprang så langt. BÆ, BÆ sa sauemora, med djup stemme, bæ, bæ sa lammet med lys stemme, og så sprang det tilbake til mora og broren sin.
Då var det godt å få seg litt drikke, for også dei små lamma blir tørste når dei spring i full fart. Det vert sikkert Kaja og, alle vert trøste når dei spring i full fart!

Ha det fint Kaja, og hels til mamma og pappa og venene dine i barnehagen!

6 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Den dedikerte har akkurat sovnet inn i sin lille seng, men jeg lover å vise henne bildene ved neste anledning.

Veldig koselig!

Anonym sa...

Nydeligt...
Kaja blir sikkert glad!!!!

Fine bilder.... Knut som har tatt de..

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Nå har vi hatt en veldig koselig morgenstund. Dette likte Kaja veldig godt!

Jeg overlater "pennen" til Kaja selv:

tgttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttjmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmmm rddddddddddddddddddddddddddddddddddddddddddddddddd

Anonym sa...

-takk for flotte bokstavar Kaja! Snart skal du og bestemor skriva meir til kvarandre.

Anonym sa...

Very pretty design! Keep up the good work. Thanks.
»

Anonym sa...

Very best site. Keep working. Will return in the near future.
»