20. juli 2006

Endeleg!

Endeleg er vi i Thailand! Det er nesten ikkje til å tru, men i går ettermiddag sto Kaja, Eirin og Kjartan på flyplassen i Ubon og tok i mot oss. Forventningane var store hjå alle fem, og det var utruleg flott å få sjå kvarandre att. Etter ei lang reise rundt "halve verda" fann vi dei vi gjennom eit heilt år har lengta etter og gledd oss til å møta att- det var flott!
Kaja var vi sjølvsagt mest spente på å sjå att-ville ho kjenna oss? - korleis skulle vi byggja oppatt kontakten? Vi hadde ulike strategiar, men slapp bruka ein einaste ein, for Kaja var så oppdatert og så forventningsfull at det vart ei stor oppleving. Ho ville til oss med ein gong, hoppa av glede og viste oss det flotte skjørtet sitt, og fortalde at bestemor skulle sitja med henne i bilen. Ho prata heile vegen og var i storslag.
Det blir berre denne vesle rapporten i dag, men vi forsikrar alle våre lesarar om at vi har det fint og kosar oss stort.

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å sjå bileta av dykk saman med Kaja og dei andre.Er så glad for at de endeleg får sjå kvarandre att!! Veldig kjekt å høyra stemmene dykkar i tlf. og. Vi hadde ein fantastisk fin tur på Fedje.