Heilt frå tidlege barneår har Afrika vore den store draumen! Menneska, naturen, dyra, bålet og alt som verka så veldig annleis hadde ein dragning i jentesinnet, og skapte mange dagdraumar og fantasiar om Afrika. No har eg hatt min andre tur, denne gongen til Kenya, og eg er full av inntrykk og opplevingar. Eg er kjempetakknemmlig til KrF som inviterte meg med, og John Inge fortener stor takk for eit flott opplegg.

Menneska, og ikkje minst borna, engasjerer meg. Kvifor er verda så ulik for små gutar og jenter på denne planeten? Kvifor må nokon bu i slummen, leika på søppelplassen og berre få eit måltid for dagen medan andre kan "vassa" i goder og luksus? Bøker opnar verda for veslekaren i slummen i Nairobi, vi fann tonen. Heimen hans var på biletet under ein stad. Eg tilstår at turen i slummen vart gjennomført med klump i halsen og ei hjelpelaus kjensle i bringa.

Menneska og naturen fasinerar mest, men storbyen Nairobi hadde så absolutt sitt å by på. Å stå på toppen av Kenjattatårnet, ca 400 m over bakken var absolutt imponerande.

Turen til Nakuru nasjonalpark var eit av høgdepunkta. Landskapet, dyra, trea og ikkje minst morgonlyset var fantastisk. Det kjentes som ein draum å vera på safari. Eg sto i den opne bilen og saug inn luft, lukt og lydar- eit verkeleg eventyr!

Å oppdaga den mektige løva i vegkanten berre få meter frå bilen var sjølvsagt ei oppleving av dei skjeldne. Løva låg og sov, reiste seg opp og tusla nokre meter lenger inn i skogen for å finna ein fredelegare sengeplass. Stilig!

Giraffen er eit elegant dyr og eg undrar meg over den skapnaden den har fått. Upraktisk, men vakker og overlegen dukka han opp bak ein ås og gav oss ei flott oppleving i morgonlyset.

Folk og dyr, og arbeid for demokrati og utvikling, alt dette fekk vi med oss. Besøk på ambasade, Kirkens Nødhjelp, Norsk Folkehjelp, regjeringspartiet Ford Kenya, den norske skulen, Karen Blixenfarmen og FN kvarteret, var med å gje innsikt og kunnskap om muligheter og store utfordringane Kenya og andre naboland står ovanfor.
Eg undra meg over det eg har fått vera med på- kvifor og korleis - vert dei store spørsmåla. Mange gjer ein fantastisk jobb, og dei vi møtte var så engasjerte. Vi må tru på at det er eit håp også for dei fattigaste, borna i slummen song om det....
(Det kjem nok meir frå turen etter kvart vil eg tru, men i kveld vil ikkje fleire bilete vera med meg inn på bloggen..)