15. okt. 2006

Hei Kaja !

I dag må eg fortelja deg noko koseleg. Bestemor drøymde så kjekt i natt- drøymer du av og til? Det er litt rart å drøyma når vi sov- plutselig så er det noko koselig eller kanskje noko litt skummelt, inni hovudet vårt. Stundom blir vi litt redde, kanskje må du opp i senga til mamma og pappa då, og stundom er det berre koselig og då ønskjer vi at draumen skal vara lenge.. I natt hadde bestemor ein koselig draum og ho ønskte den skulle vara lenge. Veit du, bestemor drøymde at du kom inn på soveromet hennar og at du hadde på deg den kjolen som du har på dette bilde og som du fekk av oldemor på Seim. Du var så glad og du kom hoppande bort til senga og sa HEI bestemor .....og så var det ikkje meir..... Bestemor ønskte at ho skulle drøyma meir, men det var eigentleg nok til at ho vart glad og at ho er glad i dag! Det er godt å sova når vi er trøytte. Du vart trøytt når vi gjekk ein heil dag i Bangkok, men du er heldig som har ein sterk pappa som kan bera deg!Men så vart pappa også trøytt, her ligg han ute på trappa- lurar på om han drøymer eller? Det må du spørja han om. Og så til slutt bestefar! Han kan sova på mange måtar, han- berre ei bittelita stund, og så er han klar til å gjera noko meir. Bestemor har prøvd å læra dette ho og, og ho var litt kry då ho oppdaga at ho hadde sovna litt med hovudet på sekken sin, på Flesland ein dag då det vart så lenga å venta på flyet. Det er godt med ein liten lur...Kviler du med tutten din i barnehagen fortsatt?

1 kommentar:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk bestemor! Det er alltid så koselig å lese det du skriver.

Glad i deg!

yyyyytttt ttttttyyttttttt

Hilsen Kaja