26. apr. 2007

Heldige meg

Heldige meg(Kari) som har søstre! På veg til landsmøte i Molde har eg bevilga meg ein fridag hjå veslesøster Åshild og vår gode svoger Petter, på Øre. Fantastisk kjekt - og litt rart. I mitt lange liv har eg aldri vore åleine hjå dei, og aldri har eg vore her utan at born eller ungdomar har vore heime - vi har vorte gamle.........
Eit fredeleg frukostbord med kvitveis, og Åshild sitt nydelege jordbærsyltetøy på bordet i eit nyoppussa kjøkken, er ei lukkestund på jord. I tillegg tur og prat og middagskvil, og alt som skal til for å ha ein super fridag, er på plass - og eg er heldig!!

1 kommentar:

Anonym sa...

Så kjekt å sjå mamma og pappa her! Skulle ønske at eg var heime då du var der tante Kari, men du får stikke innom meg i Oslo viss du er her ein gong :) og så møtes vi til sommaren :)