Frys du? Det var eit dumt spørsmål, for det er vel ikkje kaldt i Thailand? Men bestemor har frose mykje dei siste dagane. Det har vore huttetu så kaldt - iskald vind og storm, og i går hadde vi ikkje straum, og det var kjempekaldt inne når bestemor sto opp, og ho fekk ikkje koka seg kaffi... Ho måtte fyra i to ovnar og kle masse på seg. I gårkveld vart ho nesten varm att, og straumen kom tilbake. Det var bra!

Det er litt stilig med vatn som blir til is. Bestemor synes det er spennande å kjenna på den kalde isen. Når bestemor var liten så likte ho å sleikja på isen, veit du eg måtte prøva det i dag og, men i dag var det ikkje godt, berre kaldt og det svidde på tunga! Ser du at det var litt ekkelt etterpå??
Ha det bra Kaja, bestemor gler seg veldig til påske, då kjem ho til deg og har ho ikkje blitt varm før, så blir ho det då....Snipp, snapp, snute, så var denne fortellinga ute.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar