13. aug. 2006

I Skaparen sin katedral!

Dei siste tre søndagane har vi vore på gudstenester i tre ulike kyrkjer i Thailand. Det har gjeve oss gode opplevingar av kristent fellesskap, aktiv gudstenestedeltaking utan å skjøna eit ord, smilande thaiar og spanande måltid med ukjent mat etter gudstenesta.
I dag, på første gudstenesta etter ferien, feira vi gudsteneste i skaparen sin sjølvbygde katedral på Andviksetra.

Ramma rundt gudstenesta var annleis enn i Thailand, og innhaldet var naturleg nok meir forståeleg. Fellesskapet var det same, skilnaden var berre at her var vi på fjellet "vårt" og saman med menneske vi kjenner.

Det mangla ikkje middag til kyrkjelyden i dag heller, men i dag var det ikkje framande rettar men god gammaldags betasuppe servert av Kjersti og Gunnar, og vi åt utan å tenkja - trygt og "sutalaust"

Det er skilnader over landegrensene, men Guds ord er det same, det kristne fellesskapet er det same, og mat gjer godt! - og eg -Kari- takkar min gode prestemann for ei fin gudsteneste, eg takkar Frank, Trine og Kristin for flott musikk, og Kjersti og Gunnar for god mottaking på setra!
Og så sender vi ei varm helsing til Maria i Phibun som har preika på thai i dag, vi er imponert over det arbeidet de står i og den iver de viser. (Skal eg vera ærleg, hadde det vore flott om alle "våre" i Phibun hadde vore med oss i dag...eg saknar dykk heile gjengen.)

Sterkare enn før kan vi skriva under på salmen Per Lønning har omsett for oss at:
"I Krist er ikkje aust og vest og ikkje sør og nord. Hans folk er eitt i tru og von på all den vide jord!" (NS 539)

2 kommentarer:

Anonym sa...

"Der skulle vi ha vøri..." Det ser flott ut og vi skulle gjerne ha vært der vi og!!
Vi følger stadig med!
Sannelig "Guds menighet er jordens største under".... (for å sitere en annen salme.)

Anonym sa...

Sannelig der glemte jeg å "signere" kommentaren min og ble dermed en anonym - det var ikke meningen :-(
Jeg gir meg herved tilkjenne - hilsen Askøybestemoren -Britt.
(gjelder hilsenen over)