4. mars 2007

Hei Kaja!

No er det ikkje snø i hagen til bestemor og bestefar lenger slik det var då du var her. Det går ikkje an å bruka akebrettet ditt no, og bestemor har gøymt det i skykkja vår. I dag vil eg visa deg kva bestefar held på med i går.

Hagen vår full av brune visne blad - brune visne blad som har vore fine og grøne når dei hang på trea når det var sommar. Men så kom hausten, blada og trea vart trøytte, og litt eter litt datt blada av trea og ned på bakken. Når snøen går bort og det er litt vår i lufta ute, då startar bestefar på eit kjempestort arbeid - han rakar på lauv - tusenvis med lauv- ja, sikkert mange milionar....

Han bukar ei rive, rakar det i småe haugar først, så tek han dungen og prøver å få lauvet med seg oppi trillebåra si. Men det er litt vanskeleg og han må bøya seg mange gonger. Bestemor synes han er flink og tolmodig....

Og så når trillebåra har blitt full, så går han opp bakom det gamle kaninburet til pappa og så tømmer han alle dei visne lauva opp i dungen. Der kan dei liggja tett saman, og litt etter litt blir dei til ny jord som bestemor kan ha på blomstrane sine. Er ikkje det litt rart?

Slik gjer bestefar det. Og i går gjekk han slik i mange timar. Veit du kva bestemor tenkte på kvar gong ho såg bestfar med ei tom trillebåre? Jau, ho tenkte at no skulle Kaja vore her så kunne ho hjelpt bestefar, og så kunne ho sete oppi den tomme trillebåra kvar gong bestefar gjekk tilbake for å henta nye lass med bøkelauv. Det hadde vore gøy, det hadde humpa og dumpa, og du måtte halde deg godt fast, trur bestemor.Til slutt Kaja -bestemor og bestefar kunne godt tenkt seg at Be hadde kome til Masfjorden nokre dagar, så kunne han hjelpt oss med alt lauvet... (og så kunne du vore med han) Kan du spørja han om det??
Nei, det går vel ikkje an, bestemor tullar, men du kjem om ikkje så lenge, du og mamma og pappa, og det er ikkje tull.

Ingen kommentarer: