7. mars 2008

Kjekt

I skrivande stund set eg på eit hotellrom i Oslo og har det rimeleg godt. Eigentleg kunne eg gått på restaurant saman med landsstyret i KrF, men i kveld vart eg "heime." Det blir for mykje for meg å ut å eta tre kveldar på rad... i kveld gjekk eg ut og kjøpte meg ei nistepakke, kokte meg thevatn på rommet, og har det fint.
Onsdag kom Bente og eg til Oslo og då hadde me ein flott ettermiddag og kveld med alle "våre" her i Tigerstaden. Det var så kjekt! Bente var på besøk både hjå Åslaug, Thorbjørn og enda til slutt opp hjå Trude. Heile gjengen var med meg ut på middag/kafi og vi feira fødselsdagar i flengd. Både Bente, Geir, Åslaug og Trude har hatt fødselsdagar etter nyttår,og det passa flott med ei lita fest!
Eg kjente meg som ei heldig og rik "hønemor" med alle desse flotte ungdomane! Takk for at de stillte opp alle saman, Takk for alt de (og dei som vi i tillegg skulle hatt det), betyr for oss! Familie er flott, det tenkjer eg på i kveld medan "familiepartiet" mitt er ute og et middag.
I morgon er det siste møtedagen, og så reiser eg heim. Det blir godt! Neste fredag har vi kome til Thailand - heldige oss!

1 kommentar:

Anonym sa...

Det var veldig kjekt å ha deg på besøk, tante Kari! Håpar du kjem igjen snart :)
God tur til Thailand!

Klem frå Åslaug