15. feb. 2009

Gråkvit søndag

Eg likar ikkje gråkvite søndagar.Eg likar ikkje når fjorden er grå, himmlen er grå, trea er gråe og snøen er våt og tung. Det går an å bli litt tungsindig av slikt, særleg når ein er åleine heime, frys og ikkje giddar å gå ut!! Hadde eg berre hatt kaffi i hus....Stakars meg??? Ja, men berre bitte litt.
Heilt frå eg var lita jente har eg blitt litt trist til sinns av slike gråkvite søndagar. Hugsar godt når eg sto og såg ut av vindauga frå gamlehuset på Skår og ned på den gråe sjøen. Det var litt trist - på rolege dagar - for det var då eg såg det. Men det sto eit raunetre nede på sjøbrotet, det likte eg. Det vart så tydeleg slike gråkvite dagar. Ufatteleg mange svarte greiner og kvistar ut frå den kraftige stammen. Eg såg, studerte og ønskte eg kunne teikna treet... Ytterst på kvistane var det svarte små knuppar og inni dei låg våren, det visste eg - og det veit eg i dag også.
Skal våren koma må snøen vekk, og då må det bli ein del gråkvite dagar.
Når våren kjem, kjem folka også. Frå Thailand, frå Oslo og frå Bergen. Eg tilstår at eg lengtar litt etter dei i dag...... men heldig er eg som kan venta på nokon som eg er så glad i...
Men ein kjem i dag, han kjem frå konfirmantleir og han har kaffi med seg, trur eg. Eg gler meg til han kjem, ikkje for kaffien sin del men, fordi eg likar når han kjem heim att.....
Snart er det mørkt ute, då er det gråkvite borte. Då tenner vi lys- det er ei grei ordning.

Ingen kommentarer: