3. feb. 2009

Gudsteneste

Å få feira gudsteneste i ei afrikansk kyrkje har alltid vore av mine store draumar. Eg har fått opplevd det nokre gonger dei siste åra, og det er alltid ei stor oppleving. Det å få kjenna kristent felleskap, få oppleva å be til den same Gud, lytta til bibeltekstar på framande språk, be og å oppleva songen saman på tvers av kulturelle og språklege grenser er stort!
Ei sprengfull kyrkje, dvs ca 1200 menneske i alle aldrar fylte den enkle men fine kyrkja i Begi. Små og store,unge og eldre deltok og alle hadde eit sterkt engasjement. Dei klappa, song, dansa og gav høglydte tilrop når dei høyrde noko som gjorde dei godt, eller det var noko dei ville takka for. Uvandt for meg som står i kyrkja med ei stillferdig truvedkjenning og ein beskjeden salmesong.Lystenning var ein skikk i denne kyrkja også. Det var ingen fin smijernsglobe her, men ein benk som dei dryppa lyset fast i. Frå dei eldste til dei yngste kom dei med lysa sine, og i løpet av den tre timar lange gudstenesta vart mange, mange lys tende. Litt etter kvart vart dei blåst ut og tatt bort for å gje plass til nye. Det var fint!
Gjesten frå Norge og NMS hadde helsing til kyrkjelyden, og denne helsinga var før eg våga meg til å snakka engelsk frå talarstolen, og difor vart det to tolkar. På biletet er det NMS sin representant Gonvor Kongsvik som tolkar.
Etter gudstenesta kom borna. Born er born alle stader og eg synes alltid det er kjekt å prøva å få kontakt med dei. Ikkje så enkelt, men min enkle engelsk passa for ein del av desse borna sin endå enklare engelsk, så litt kontakt fekk eg.
Eg undrar meg stadig over at det er EG som har vore med på dette, at der er EG som har opplevd det eg skriv om. Men det er det, og eg er uendeleg takksam!

1 kommentar:

Anonym sa...

Flott Kari!
Skjønar at du har hatt det interessant og utfordrande- det må ha vore store opplevingar.