16. mars 2006

Gjennom siste grinda.

I dette tunet på Nedre Sagstad i Meland kommune, vart det frå 1905 til 1925 fødd tolv born, seks gutar og seks jenter. Foreldra var Ingeborg og Lars Hopland. Ein flott søskenflokk med sterkt samhald og mykje glede vaks fram. Det er lenge sidan dette, og ein etter ein av desse flotte tantene og onklane mine(Kari) har møtt livet si grense, på tirsdag var det tante Konstanse sin tur i ein alder av snart 98 år. Vi minnast denne flotte, rakryggja tanta med glede. Ei tante interessert i så mykje, med sans for det vakre og glede over å skapa med hendene sine. Sydame var tante Konstanse, mange kjolar, drakter og kåper har funne si form mellom fingrane hennar. Ho fekk ikkje eigne born, men ho hadde likevel så mange, og vi er takksame. No er det fire att av flokken på tolv. Det er vi glade for!
At nabokona heime på Seim, Gunnhild Skår døydde på mandag, gjer vemodet ekstra. Ei god nabokone er godt både for små og store. Det var Gunhild.
Vi syng med Skjæråsen:
" Gledens tid og sorgens time har sin bolig i hvert sinn, Lovet være Han som åpnet første le og siste grind"
Fred over tante Konstanse og Gunhild sitt minne.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære venner i Masfjorden!
Gratulerer med flotte sider på bloggen. Vi leser med stor interesse.Dette blir visst året med de store utenlandsturene for flere familier.Vi gleder oss til å treffe Kaja og hennes foreldre til påske.Ønsker dere alt godt.
Hilsen Inger Marit og Sigmund i Bamble.

Kari og Knut Fr. Sørheim sa...

Så kjekt med helsing frå Bamble. Hadde ikkje tenkt vi skulle bli bloggare, men desse ungdomane får oss til mykje rart - men det er faktisk moro, kanskje de må til med dette de også.

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Trist å høre om tante Konstanse og Gunhild. Vi minnes dem i Thailand også.

Håper dere ellers har det bra. Vi har det i alle fall bare bra. I dag reiser Thorbjørn, men vi treffer han igjen i Bangkok om to uker.