19. mars 2006

Jubilantar !

Hovedoppslaget denne veka må bli å heidra jubilantane i familien vår. Onsdag 23. mars fyller tante Åshild 52 år, og torsdag 24. mars fyller Kjartan 31 år. Begge er viktige personar for oss, ei sprudlande og klok søster, og ein triveleg og flott son! Vi gratulerer og ønskjer dykk alt godt! Synd at avstandane er så store, vi kan ikkje koma korkje til Thailand eller Nordmøre denne veka.

Eg legg når sant skal seiast, kursen ein annan veg komande veke, skal til Brussel og til Tyskland med Fylkestingsgruppa. Kanskje kan det seiast at det er feil prioritering, men slik blir det denne gongen.

Kaja måtte få vera med på biletet saman med pappa, og tante Åshild "løfter augo opp mot fjella" inne i Nordlandsdalen.
Kanskje kan resten av Salme 121 vera ei god fødselsdagshelsing til dykk begge.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ja dette er jo ei veke med både gravferder og bursdagar i familien. Og slik er livet. Eg vil vere med og gratulere begge jubilantane. Det er sant at dei ser flotte ut begge to. Den yngste er sjølvsagt yngst, men det er den eldste eg kjenner best - og ho er ikkje verst. Her er ho i sitt rette element - ute i fjellet. Og snart kjem ho heim att!!

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk for denne oppmerksomhet! Det kjennes godt å oppleve Krf-varmen like til Thailand.

Er likevel noe skuffet over mine beskrivende adjektiv. Jeg synes på ingen måte at "triveleg og flott" kommer opp mot tante Åshilds velfortjente ord "sprudlande og klok".

Mitt forslag, og svulmende selvbilde, er: "radikal og konservativ"! En glimrende dynamikk...

God tur til Euroens land!

Hilsen Kjartan

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Hele familien i Thailand hyller vår gode tante på Øre!

Gratulerer med den kommende bursdag!

Anonym sa...

Det var då voldsomt kor kravstor du har blitt, er det damene si rottejakt eller varmen som tek på?....Eg synes faktisk at mitt valg av adjektiv er vel så gode som dine, berre smak litt meir på dei du.Uansett - eg er stolt og glad over å få vera mora di!!!