29. mars 2006

Utfordrande fliser

Som vi tidlegare har meldt er det oppussing i prestegardsheimen vår, og vi lovar- det er ikkje enkelt! Det siste nye er at det under div. lag med belegg har dukka opp nokre flisar, samt eit gissent grått golv. Det store spørsmålet er no - kva gjer ein med slike fliser? Golvet skal slipast og malast, det er bestemt av dei som bestemmer, men flisane - dei er jo ei helsing frå ei anna tid og det må jo ikkje foraktast! Det har jo stått ein vedkomfyr bak desse, og flisane har hindra brann... Rundt den har prestefruer, eller kanskje helst tenestejenter, stått og sveitta eller varma seg, alt etter årstida. Kanskje må desse rett og slett koma framatt - takast vare på - skapa eit spanande kjøkken?? Det store spørsmålet er- korleis skal vi få dette til å sjå bra ut? Dette er jo kjøleskapskroken vår, skal vi bytta kjøleskap med ein vedkomfyr? Det er jo ikkje heilt det same, men det må i tilfelle vera ein slik som vi hadde heime på Skår då eg var lita jente- ein slik med ringar på, og så må det bli plass til ein stor kasse med risved attmed... Vi utfordrar lesarane våre til å koma med løysingar, så skal vi vidareformidla dei til Opplysningsvesenets fond, for det er dei som bestemmer. Men det er snart påske, så det hastar.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjære tante Kari!
Eg har ikkje peiling på fliser og sånt, men viss du får deg ei fin hylle over ovnen eller på ein annan lur plass på kjøkkenet, så skal eg sy ein hyllekant i hardangersaum til deg:)(når eg vert god att i armane)
Eg stortrivst fortsatt i Grimstad, men gler meg også til eg skal heim og sjå på det nye kjøkkenet vårt. Trur ikkje akkurat det vert nokon fin gamal ovn med ringar på hjå oss, men ei stor, blank, moderne vifte. Men det vert sikkert fint:)Me snakkast
-Åslaug

Anonym sa...

Kjære Åslaug !

Tusen takk for det gode tilbudet, hardangersaumen din er flott! Håpar du kjem deg i armane dine snart!( - men eg trur ikkje det hastar med hardangersaumen, det går ikkje så fort med kjøkkenopprusting i Masfjorden som på Øre)