4. juni 2006

Bestemor 85 år!

Fredag 2. juni fyllte bestemor 85 år. Det vart ein flott dag for henne og for oss. Vi hadde tenkt å leggja mange gode bileter ut på bloggen, men for ein gongs skuld "klikka" det litt for husfotografen, Knut. Plutseleg var batteriet utlada, og planen for den heilt store biletreportasjen gjekk med det i vasken.Men vi legg ut det beste av dei få som kom i kamera før det var for seint (klikk på det så vert det litt større).

Mor set ved enden av bordet, litt gøymd bak blomar og pynt på eit nydelig festbord. Naboar frå Seim, to søstre, tanteborn med ektefeller, tre døtre, to svigersøner og to av dei seks barnebarna var der. Vi prata og song og mor storkosa seg. Vi avslutta dagen i tante Ingvild sitt galleri. Den største opplevinga hadde vi kanskje inne på rommet til mor etter at ho hadde kome i seng og vi "jentene" pluss Knut og Petter sat og prata om det som hadde skjedd i besøket. Mor låg som ei dronning i senga, fornøgd og trygg. Ho sovna litt innimellom før ho på nytt smilte og lo saman med oss. Det minna oss litt om då vi var unge og kom heim utpå kvelden etter ein kjekt kveld ute og vi måtte inn til mor og far, sjølv om dei hadde lagt seg, for å fortelja og prata om det vi hadde opplevd. Vi kunne ikkje venta til om morgonen! Gode minner som kom fram att etter ein flott dag for ei nydeleg mor!

3 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Det er slike stunder vi ofte savner her langt vekke i Thailand. Skulle gjerne vært der sammen med dere.

Uansett veldig kjekt å snakke med bestemor på tlf.

Godt å vite at dere lager så flott fest for vår flotte bestemor og oldemor.

Anonym sa...

I really enjoyed looking at your site, I found it very helpful indeed, keep up the good work.
»

Anonym sa...

Very best site. Keep working. Will return in the near future.
»