25. juni 2006

Bryllup i Botn!

I går var dagen då Laila fekk sin Roy! Den kjekke nabojenta har fått seg ein flott og triveleg mann. I skikkeleg vått juniver med regn og skodde i fjorden, fekk vi vera med på ei bryllupsfest med mykje varme og gled. Vigslingsgudstenesta var fin, strålande og høgtidsstemt brudepar, mektig musikk og flotte salmar gjorde bloggskrivaren godt langt inni sjela. Presten synes det var stort å få via barndomsveninna til Thorbjørn, og vi gledde oss saman med slekt og vener til langt på natt.


Eit av dei mange høgdepunkta under festen var utan tvil Vidar sin flotte tale. På vegne av familien var han førstmann på talarlista, og han gjorde jobben med glans. Det må nesten kunna seiast at det kan bli ein god "prest" ut av den gutten. Han hadde mykje visdom på lager....


Takk til brudepar og foreldre for ei flott fest og for at vi fekk vera med, og lukke til til Laila og Roy!

Ingen kommentarer: