16. juni 2006

Hei Kaja !

I dag må bestemor skriva litt til deg.
Har du vore sjuk Kaja? Har du vore sjuk i magen og kanskje kasta opp? Det var bestemor i natt og det var ikkje gøy. I dag er eg frisk att, nesten men eg kunne ikkje gå på jobb. Kaja kan ikkje gå i barnehagen når ho er sjuk- sant? Vi må vera heime når vi er sjuke. Det som er så bra når vi har vore litt sjuke er at vi alltid får så lyst på noko godt når vi blir litt friske att. Bestemor fekk så veldig lyst på pølse i dag, pølse med heimelaga potetstapp til, og så lagde ho det.

Her ser du fatet mitt med pølse og potetstapp, eg fekk brus og, og sjølv om vi ikkje drikk brus på kvardagar så kan vi gjera det når vi er sjuke. Det er godt med brus når vi er sjuke - sant? Så skulle bestemor kosa seg med middagen.

Veit du korleis det gjekk? Bestemor vart så fort mett og så klarte ho ikkje å eta opp maten sin. Det var nok fordi magen ikkje var heilt frisk att. Då såg fatet slik ut, men det får våga seg om vi ikkje alltid klarar å eta opp maten vår, sant?

I kveld er bestemor frisk att og i morgon skal ho og bestefar reisa på hytta. Då skal vi ta bilete av tante Bente og Rune sine kaninar og så skal vi fortelja deg om dei. Kos deg med tante Siril og onkel Ørjan og hels mamma og pappa!

2 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Kjære alle sammen!

For tiden suger vi mest mulig ut av Ørjans PC ferdigheter. Vi holder på med en sårt etterlengtet formatering.

Dette betyr at vi denne uken ikke har internettilgang hjemme, og at vi dermed ennå ikke har fått lest denne flotte bloggposten til Kaja.

Dette skal vi derimot gjøre så fort vi er på nett!

Håper alt er vel i Masfjorden!

Kjartan

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Hei bestemor!

mkkjjjjjjjjmdddgggttt