28. nov. 2006

Hei Kaja!

No er det lenge sidan bestemor har snakka med deg, og lenge sidan ho har skrive til deg på bloggen. Men bestemor tenkjer mykje på deg og når ho tenkjer på deg, då vert ho glad!! Bestemor kjempeheldig som har ei slik flott jente som deg!! Det var eit stilig bilete av deg på bloggen- så flott armband du har fått!

Her ser du ei dokke som bestemor hadde med seg frå Afrika. Eigentleg er det to dokker for det kikkar fram ei lita babydokke bak på ryggen til den store dokka. Eg trur det er ei mammadokke og ei babydokke. I Afrika har set babyane bak på ryggen til mammaen sin- kanskje gjer dei det i Thailand og? Det veit kanskje du.

Veit du, i morgon skal denne dokka ut på ein ny lang tur. Ho skal reisa i mange dagar- først frå Masfjorden med bil til Bergen, så skal ho reisa med fly langt, langt avgarde heilt til andre sida av jorda. Skal tru kvar ho skal? Til Afrika eller??? Det blir spennande å sjå kvar ho har tenkt å reisa. Eg håpar dei som møter ho vil fortelja bestemor kvar ho har kome.... Bestemor synes det er kjekt at ho vil reisa på tur, det er kjekt å reisa på tur og det er kjekt å koma på besøk eller å flytta til eit anna land. Dokka har sagt til bestemor at det kan godt henda at ho kjem tilbake til Masfjorden ein gong, men det er ikkje heilt sikkert. Ja, ja - det er ikkje så viktig berre ho har det kjekt.

3 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk bestemor! Nå er dokka fremme i Thailand. Jeg ble kjempe, kjempe glad!!! Tusen takk!

Hilsen Kaaaajjjjjjjjjaaaaa (jeg skrev navnet mitt helt selv)

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk bestemor! Nå er dokka fremme i Thailand. Jeg ble kjempe, kjempe glad!!! Tusen takk!

Hilsen Kaaaajjjjjjjjjaaaaa (jeg skrev navnet mitt helt selv)

Anonym sa...

Hei Kaja! så flott at det var deg dokka kom til! Det var jammen bra -tenk at ho har reist den laaaaaaaaaaange vegen åleine. No kan de kosa dykk, du kan fortelja henne om Phibon, og ho kan fortelja deg om Afrika.Bestemor ville gjerne høyrt kva det pratar om, men det går jo ikkje, kanskje kan eg få sjå dykk på Skaypen ein dag- begge to?