26. nov. 2006

Velkommen til Tuva!

Det er kjekt å vera "gammaltante" for tida, det strøymer på med nye små(!), og i dag kan eg presentera vesle Tuva. Ei stor lita jente på over fire kilo kom til Sandra og Thomas sist veke. Eg har endåtil fått gleda av å sjå, og å halda det vesle nurket! Ingen ting er så flott som eit heilt nytt menneske! Mange undrande tankar passerar tankar og kjensler med eit slikt lite under i hendene - rett og slett det største som finst!! Gratulerer til Sandra og Thomas, de er to flotte unge foreldre og Tuva får det godt hjå dykk ! Gratulerer også til besteforeldra, - det er i grunnen litt rart at minstemann, onkel Roger, har blitt bestefar!!...
Eg skulle sjølvsagt også presentert vesle Margrethe som kom til verda i sommar, men eg manglar rett og slett bilete og melder med dette at eg er mottakeleg for det.
Elles må eg ta med at Randi og Hogne har fått sin tredje gutt. Eg er jo ikkje "tante" når eg melder det, men eg gler meg saman med dei óg.

1 kommentar:

Anonym sa...

hode som er smalt øverst og bredt nederst? må være noe galt med fremkallingen?... men kan og være typisk tegn på linselus...som sin mor?! (sandra) hilsen morfarpapparoger