15. nov. 2006

Velkomen Oscar August!

I dag presenterer vi ein ny liten kar i Sørheimsfamilien, Oscar August! Kristin og Torgeir i Naustdal har fått denne flotte guten, og vi gler oss over eit nytt familiemedlem. Vi ønskjer foreldra hjarteleg tillukke - ei flott gåve og ei stor oppgåve! Vi gratulerer sjølvsagt også tante Aud og onkel Harald med sitt første barnebarn, Eirik, Ingrid og Eivind som onkel og tante, og farmor med eit nytt oldebarn! Dette er stas!
Min første tanke når eg såg bilete av denne guten var- han der har eg sett før! Det hugsar eg farmor sa til meg første gongen ho såg Åsmund, og eg synes det var artig sagt. Eg vil tru at andre er einig med meg i at dette ser ut som ein ny liten Torgeir!
At det er ein liten Oscar synes denne "gamle" tanta var utruleg kjekt. Det at han har fått same namnet som oldefar i "Loddefjord" varma, og eg vil tru at pappaen hans vil ha mykje kjekt å fortelja om farfaren sin når guten er klar til å høyra på gode forteljingar.

Ingen kommentarer: