5. nov. 2006

Kjøkkenstemning

Ein ikkje så alt for tidleg laurdagsmorgon på kjøkkenet i Masfjorden. Ingebjørg set og nyt sine Kornmokjeks, Kornmokjeks med brunost er viktig. Kva er vel ein frukost utan Kornmokjeks i Dahleheimen onkel Petter? Ingebjørg, som elles er ei svært så aktiv og effektiv dame, har rett og slett funne roen! Kjekt å ha deg på besøk, du er ei flott jente som eg er stolt over å vera tante til!! Og så vart jo stemningen fullkomen når Bente og Marcus baka herlege skillingsbollar. Bollelukt på kjøkkenet ein laurdag ettermiddag er heilt perfekt, og nysteikte bollar til kaffien er storarta! Tusen takk! Marcus er ein kjekk og flink gutt, Bente kan bakekunsten, og ho er jenta mi :-) Det er alt nokre veker sidan de var her- velkomen tilbake alle saman!

3 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Dette så veldig koselig ut. Skulle gjerne vært der...

Anonym sa...

Koselig med bilder av kjentsfolk! Det ser ut som alle kosa seg der dei står/sit=0)Eg er altså ein kjenning av Ingebjørg, ho er ei skjønn og ei aller tiders jente!!!=0)Så du skal vere stolt over å vere tante til denne kjekke jenta, Kari!

Anonym sa...

Jau det er/var vel viktig med Kornmo - forresten ei stund sidan vi hadde det i hus en både Ingebjørg og eg likar det godt ja... Elles er det Kjekt å sjå også korleis huset skiftar form no på Seim - de er i god gjenge ser eg - flott!