29. mars 2006

Utfordrande fliser

Som vi tidlegare har meldt er det oppussing i prestegardsheimen vår, og vi lovar- det er ikkje enkelt! Det siste nye er at det under div. lag med belegg har dukka opp nokre flisar, samt eit gissent grått golv. Det store spørsmålet er no - kva gjer ein med slike fliser? Golvet skal slipast og malast, det er bestemt av dei som bestemmer, men flisane - dei er jo ei helsing frå ei anna tid og det må jo ikkje foraktast! Det har jo stått ein vedkomfyr bak desse, og flisane har hindra brann... Rundt den har prestefruer, eller kanskje helst tenestejenter, stått og sveitta eller varma seg, alt etter årstida. Kanskje må desse rett og slett koma framatt - takast vare på - skapa eit spanande kjøkken?? Det store spørsmålet er- korleis skal vi få dette til å sjå bra ut? Dette er jo kjøleskapskroken vår, skal vi bytta kjøleskap med ein vedkomfyr? Det er jo ikkje heilt det same, men det må i tilfelle vera ein slik som vi hadde heime på Skår då eg var lita jente- ein slik med ringar på, og så må det bli plass til ein stor kasse med risved attmed... Vi utfordrar lesarane våre til å koma med løysingar, så skal vi vidareformidla dei til Opplysningsvesenets fond, for det er dei som bestemmer. Men det er snart påske, så det hastar.

19. mars 2006

Jubilantar !

Hovedoppslaget denne veka må bli å heidra jubilantane i familien vår. Onsdag 23. mars fyller tante Åshild 52 år, og torsdag 24. mars fyller Kjartan 31 år. Begge er viktige personar for oss, ei sprudlande og klok søster, og ein triveleg og flott son! Vi gratulerer og ønskjer dykk alt godt! Synd at avstandane er så store, vi kan ikkje koma korkje til Thailand eller Nordmøre denne veka.

Eg legg når sant skal seiast, kursen ein annan veg komande veke, skal til Brussel og til Tyskland med Fylkestingsgruppa. Kanskje kan det seiast at det er feil prioritering, men slik blir det denne gongen.

Kaja måtte få vera med på biletet saman med pappa, og tante Åshild "løfter augo opp mot fjella" inne i Nordlandsdalen.
Kanskje kan resten av Salme 121 vera ei god fødselsdagshelsing til dykk begge.

16. mars 2006

Gjennom siste grinda.

I dette tunet på Nedre Sagstad i Meland kommune, vart det frå 1905 til 1925 fødd tolv born, seks gutar og seks jenter. Foreldra var Ingeborg og Lars Hopland. Ein flott søskenflokk med sterkt samhald og mykje glede vaks fram. Det er lenge sidan dette, og ein etter ein av desse flotte tantene og onklane mine(Kari) har møtt livet si grense, på tirsdag var det tante Konstanse sin tur i ein alder av snart 98 år. Vi minnast denne flotte, rakryggja tanta med glede. Ei tante interessert i så mykje, med sans for det vakre og glede over å skapa med hendene sine. Sydame var tante Konstanse, mange kjolar, drakter og kåper har funne si form mellom fingrane hennar. Ho fekk ikkje eigne born, men ho hadde likevel så mange, og vi er takksame. No er det fire att av flokken på tolv. Det er vi glade for!
At nabokona heime på Seim, Gunnhild Skår døydde på mandag, gjer vemodet ekstra. Ei god nabokone er godt både for små og store. Det var Gunhild.
Vi syng med Skjæråsen:
" Gledens tid og sorgens time har sin bolig i hvert sinn, Lovet være Han som åpnet første le og siste grind"
Fred over tante Konstanse og Gunhild sitt minne.

12. mars 2006

Frihelgar og prostimøte


Tredje frihelgen på rad. Føles nesten merkelig. Men framfor ligger en travel uke med alt fra valgkomite for Israelsmisjonens kretsstyre til begravelse, årets fjelltrimfest og årets første samtalegudstjeneste med årets konfirmanter. Men helgen var ikke bare frihelg - den måtte deles litt opp. Lørdag sto årets prostimøte på programmet, og Masfjorden ved Solheim sokneråd var vertskap på Fjon Fjellkyrkje. Et flott sted å samles - se http://www.fjonfjellkyrkje.com. 70 representanter for kyrkjelydene i Nordhordland var samlet til ulike foredrag om medarbeiderskap og medarbeideromsorg. Viktige tema i hektisk og krevende arbeid der en ofte kan oppleve seg aleine. På bildet sees sokneprest i Radøy, Ingvar Fykse, i undervisning om "Guds kyrkje - ein kropp med mange ulike lemer". Men dagen i dag har vært en rolig søndag med forfriskende tur ut i fin ettervintersol og god tid til nyttige innegjøremål.

Thorbjørn!

Sidan 4. juledag har Thorbjørn vore på ryggsekkreise i den store verda. I dag har vi snakka med han i telefonen og det var godt. Han har endeleg kome fram til Kjartan og Eirin i Thailand, og det kjennes godt for oss "gamle" at våre to søner ute i verda har funne kvarandre. Trur dei synes det er kjekt dei og, det høyrdes slik ut i dag. Var Kjartan m/fam. sin veg til Thailand lang, så har Thorbjørn sin veg vore lengre. Den har gått frå Rio tvers over heile Sør-Amerika, til Costa Rica, Fiji, Australia, Kuala Lumpur m.a. På biletet ser de han saman med ein apekatt som han rett etter fotograferinga fekk eit ublidt møte med.....(les på hans eigen blogg)
I midten på april er han heime igjen.

Premiehund!

På lørdag var Bente i Radøyhallen på hundeutstilling med sin nye hund. Den flotte, stolte dalmatinertispa Linsey på sju år, vart kåra til 2. plass mellom dalmatinertispene på utstillinga. Redaktørane av denne bloggen veit ikkje heilt kva det betyr, men det var likevel veldig gøy både for hundeeigaren og oss. Vi gler oss, og gratulerer hund og eigar!!

Nytt bad!

Dette er vårt nye bad, håpar de ser det. Her skal badekar, dusj, vask og nye baderomsmøblar på plass - håpar vi - og tek til å tru på. Dei siste dagane har snekkar og rørleggar gjort sine førebuingar. Arkitekten har endåtil vore på plass. Dette er eit etterlengta rom, vi synes vi fortener eit nytt bad, har faktisk vore lova det i ca 15 år..... Vi begynnar å tru at det kan vera noko i ordtaket som seier at "den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves".

3. mars 2006

Det Sørheimske reisebyrå.

Frå ei krå i ei stove langt ute på det norske bondelandet har vi via
nokre tastetrykk på ei lita maskin sendt signal som har gjeve oss billettar dit vi mest av alt ønskjer å reisa.... Smilet sperier seg over andleta til redaktørane samstundes som vi spør- er dette oss? Skal VI ut å reisa? Lenger enn til Seim? Begge to? I sommar? Merkeleg, men no har Det Sørheimske reisebyrå ordna opp, endåtil betalt.... Vi lever jo av å leva for trua, så vi får TRU dette og. Verda er visst ikkje så kjempestor likevel......
Avreise er 18. juli og returen 9. august. Du store min, vi har billettar til Thailand!!!

2. mars 2006

Bente, Rune og Linsey.

I dag må Bente, Rune og Linsey presenterast. Bente er jo Bente, Rune er kjærasten hennar og Linsey er ein livleg nyleg omplassert dalmatiner. Dei har fått litt arbeid med henne, men det går nok bra når den blir tilpassa sin nye familiesituasjon. Den gamle hunden Eimy, måtte diverre avlivast for nokre veker sidan, og Bente SKAL, MÅ, VIL ha hund, og ho får det til! Ho fann seg ein ny i Hagesund!!
Rune går sykemeldt denne veka pga ein kneoperasjon og dei har brukt dagane til å rydda i mangt og mykje på Skår. Det vert litt annleis neste gong slekt og vener kjem dit, men bra skal det bli og velkomne skal folket vera.
PS! I bakgrunnen står min nye Yaris, fabelaktig bil som skal presenterast seinare.

1. mars 2006

Go' jenta vår !

Her er Kaja, bestemor og bestefar si go'jente. Eit levande lite under på 2 1/2 år som vi har på den andre sida av kloden. I dag har ho ringt til oss og fortalt at ho har "spist grøt i dag" og at "bestemor og bestefar komma Kaja"... I går kom det ein mail der ho song "Alle, alle vil vi ha med" og "Bæ, bæ lille lam" til oss. Slikt gjer uendeleg godt i besteforeldrehjarte. Det er flott å ha ei lita jente i Thailand! Mamma og pappa er så flinke til å hjelpa oss med kontakten, og om nokre månader så er det vår tur til å reisa til Thailand.

Vinterferie


Vi har vinterferie denne veka. Ute er det sol og snø og det er bra for då vert alt ruskrasket i hagen gøymt av eit fint kvitt teppe. Det er godt nett no, for inne vassar vi i malingsspann, snekkarutstyr og kassar med nedpakka saker og ting. Vinterferie i år er for det meste å skru på Ikeaskap, mala gamle senger og flytta innbu frå rom til rom alt etter kor arbeidsfolket treng plass. Det er i grunnen ikkje berre i vinterferien vi har hatt det slik, sidan desember har dette vore kvardagen. Men det blir nok bra til slutt og lærdomen vår er- alt tek tid.....

Dette var kanskje ein lite oppløftande vinterferierapport, den er faktisk betre enn som så. I helga var vi i heime på Skår og tre Skårajenter, to menn, tre døtre og ei mor hadde det fint saman.