24. nov. 2007

Hei Kaja

Takk for koselig prat på skypen i dag. Det var veldig kjekt. I dag er det surt ruskevær i Masfjorden. Vinden ular i dei store trea ute i hagen. Alle blada har falle av, dei ligg på bakken og blir til jord. Det er litt snøslaps, men ikkje slik at vi kan gå ut med aksbrettet endå. Bestemor har fyrt godt i omnen og snart kjem bestefar heim og då skal vi eta vårt lørdagsgodt- kanskje vi og får pølse???

Når det er slikt ruskevær då er det godt å vera inne, og så er det kjekt å tenkja på noko koselig.
På bildet er du og bestefar når de spelte kort på hytta. Det var koselig, og det kan eg tenkja på i ruskeværet i dag !!



11. nov. 2007

Frå mørke til lys.......

Der er slett ikkje sikkert lesarane våre ser det, men det har faktisk skjedd noko fantastisk i, nei ikkje i, men utanfor den eine stova vår. Mørke er bytta med lys...Det er ikkje snøen som kan skimtast utanfor vindauga eg tenkjer på, den første snøen i år- for snøen ligg no utanfor alle tre stovene. - Nei det store som har skjedd er at verandaen utanfor midtstova er vekke. Den store, triste verandanen som gjorde stova så mørk og tung vinter som sommar. No er den borte og godt er det. I våre yngre dagar var dette rommet leikerom, opphaldsplass for tusenvis av lego, brio, Donald, Barbi og mykje meir. No hadde den berre ein mørk funksjon med tapet som hang og slang og med eit golv prega av lekasjar og andre stygge ting. No er den vekke, og midtstova er det lysaste rommet i heile huset. Tenk det, de som har vore i stovene våre. Tårene kom hjå meg den dagen eg kom heim frå jobb og såg at det var sant!
Eg vågar å kalla det lys i mørketida.....