24. mar. 2011

Ein spesiell fødselsdag for Kjartan!

24 mars 2011 blir ein spesiell dag for eldstemannen vår. Kjartan fyller 36 år i dag, og på denne dagen flyttar han og familien hans frå Mukdahan og heim til Bogafjell i Sandnes. Vi gratulerer deg med dagen Kjartan! Vi gler oss stort over at du har det bra sjølv om vi veit at du i dag har ein dag med blanda kjensler.
6 år i Thailand har gjeve deg mykje, og vi er glad for arbeidet de har fått stå i der. No helsar vi dykk velkomen heim til Norge og til ein ny kvardag alle fire.

Så får denne fødselsdagen få lov å vera litt annleis, det var jammen ein veldig annleis dag den dagen du vart fødd også! Vi er så glad at du er til, og vi gler oss til å få ha deg og jentene dine litt nærare. God ferie og velkomen heim 2. april!