30. sep. 2007

Ja til bompengar !

Dersom nokon skulle vera i tvil- vi er for bompengar, og endeleg har vi fått ein ny bomveg i nærområdet.

På Nordland står den nye bomstasjonen, og tru oss - det er heilt ok. Endeleg kan vi med godt samvit køyra vegen innover mot dei fantastiske Masfjordfjella. Vi gjekk riktig nok opp i dag, men det var fordi vi ikkje skulle så langt. Slik fekk vi fekk sjå kor dei hadde ordna og opprusta vegen med grøfter, møteplassar og til slutt ein stor fin parkeringsplass heilt oppe. Veldig bra!

Vi betalar gjerne 30 kr for ein slik tur!

19. sep. 2007

Hurra for Kaja :-)

Bestemor og bestefar ropar HURRA for Kaja i dag! Fire år har du blitt og vi har fått et STOR jente! Vi vert så glade når vi tenkjer på deg, du er den flottaste jenta vi veit om. Kvar dag tenkjer vi på deg.

Håpar du får ein koselig dag saman med vennene dine i Mukdahan i dag. Det er så godt at du har så mange venner som du har det kjekt saman med.

I dag tenkjer bestemor: ... tenk om Thailand ikkje var så langt borte, at Thailand berre var f.eks i Masfjorden, eller på Seim eller i Gandal, då kunne vi kome på besøk til deg i dag, då... Men slik er det ikkje det veit bestemor, og både ho og bestefar er glade for at du no har kome heim til huset ditt og til vennene dine. Kos deg!



16. sep. 2007

Kjekt å tenkja på

I dag er det søndag, ein våt og grå søndag. Vi har fri og kunne godt tenkt oss å hatt ein god og fin septemberfjelltur, men det er liksom ikkje så freistande. Nei, vi har heller fyrt i ovnen, sett fårikålen på og funne ut at vi måtte tenkja på noko kjekt. Vi har mykje kjekt å tenkja på, og mykje kjekt vi kan gjera på sjølv på ein regntung søndag, og eg fekk lyst å tenkja på koselige regndagssommarminner, og her er nokre av dei. Vi kosa oss saman inne mange regntunge dagar i sommar også.

Åslaug og Kaja i dokkekroken.
Tante Bente og Kaja laga herlege bollar til kaffien.

Bestemor og Kaja musiserte i kjøkkenkrokenTrude, Eirin, Kaja og malarskrinet laga sommarfuglar
Kaja hjelper oldemor med kryssordet.

1. sep. 2007

Anne Marit og Geir


Sist laurdag var det bryllup i Meland kyrkje. Geir fekk si Anne Marit og Anne Merit sin Geir...
Vi gratulerer!
Det var eit strålande par, ei stor stund i kyrkja og ei flott fest med mykje glede, fantastisk musikk, gode talar og velsmakande mat.

For tante Kari var det ekstra kjekt at vi var i Meland kyrkje, mor og Geir si bestemors barndomskyrkje. På ein spesiell måte fekk vi kjensle av at "slekt skal følge slekters gang" Lukke til med den nye greina på slektstreet som de representerar! Vi gler oss saman med dykk!