31. mai 2006

Tante Ingvild si kunstutstilling



I dag har tante Ingvild laga flott kunstutstilling på sjukeheimen i Knarvik. Bilete av ull og silke og maleri laga av vår dyktige søster/svigerinne og tante, prydar veggane i Galleri Utsyn. Det vart så flott! Eg trur alle som ser det vil kjenna at denne utstillinga gjer godt og eg anbefalar alle som kan å leggja turen innom.
Det har vore kjekt å vera med å få alt på plass i dag. Mor/bestemor har vore med oss i fleire timar. Ho gløymde både middagskvil og anna. Det er så flott å sjå kor ho gler seg over alt det vakkre og ho hadde gode råd og klare meiningar om korleis tinga skulle hengjast opp!

Thailandbasar på Kvingo

I ettermiddag har det vore barneforeningsbasar på Kvingo. Barneforeninga der har misjonsarbeidet til Eirin og Kjartan i Thailand som si oppgåve. På kvart møte viser dei bileter frå Thailand, fortel om arbeidet og ber for Thailandmisjonærane. I dag har eg vist bileter eg har funne på bloggen og hatt andakt. Tilbake fekk eg ein koseleg presang til Kaja, den skal ho få når vi kjem til henne og dei andre 19. juli....
Å vera på basar på Kvingo er noko av det kjekkaste eg gjer, det er så triveleg der og så god stemning og både barn, unge og vaksne kosar seg i lag.
Takk for flott innsats Eldbjørg, Inger og medhjelparane dykkar!

28. mai 2006

Isak Johannes




I dag har vi lyst å presentera ein ny liten Sandneskar, Isak Johannes! Dei stolte og flotte foreldra er Anette og Frank. Torsdagskveld var vi på besøk og det var triveleg å få helsa på det nye vesle underet til våre vener og sambygdingar! Ingen ting er som eit nyfødt lite barn. Vi gler oss stort saman med Anette og Frank, og ønskjer dei og veslekaren alt godt!

Bestemorbrev til Kaja!

Hei Kaja!
I dag må bestemor fortelja om noko rart som ho har sett oppe på skorsteinen på huset vårt. Bestefar måtte ut å ta bilete av det slik at eg kunne fortelja deg om det. Her ser du bilete av huset og den eine skorsteinen.


På denne skorsteinen kom det for ei stund sidan to måsar. Måsar er fine, kvite og grå, og litt svarte fuglar. Vi fekk berre bilete av den eine, for den andre den flaug rundt og rundt i lufta og held vakt. Dei vart visst litt redde då dei såg oss, og veit du kva dei seier når dei skal snakka?- dei seier nesten- kaaja, kaaja, kaaja...Det synes bestemor er koseleg, for det er nesten som dei ropar på deg!! Veit du kvifor dei ropar og held vakt? Det er fordi dei har laga seg reir på skorsteinen! Reiret er huset til fuglane og oppi reiret har mammamåsen lagt egga sine. Difor passar dei så godt på, dei er redde for egga sine.

Måsen må liggja oppå reiret sitt heile tida, dei må varma egga sine. Det må dei gjera lenge, mange dagar, stundom ligg mammamåsen og stundom pappamåsen. Dei må bytta på det slik at dei kan fly ned til sjøen og finna seg mat. For mat må dei ha. Heldigvis er det kort veg til sjøen og der finn dei fisk. Kvar dag når bestemor og bestefar går ut så må vi kikka opp på skorsteinen for å sjå om måsen er der. Her ser du han ligg så fint.Det skal bli spennande å sjå korleis dette kjem til å gå. Bestemor håpar det går bra, men ho synes reiret er litt høgt oppe. Eg skal fortelja meir når ungane har kome ut!

17. mai 2006

17.mai i Masfjorden

Metereologer tar også feil - heldigvis. Været for 17.mai ble varslet til regn, vind, kaldt. Det ble ikke akkurat strålende solskinn, men likevel ikke noe av dette.

Vi har hatt en fin og helt tradisjonell nasjonaldag - tidlig frokost - ferje kl 09.40 - gudstjeneste i Frøyset kyrkje - ferje igjen kl 11.40 - guds-tjeneste i Sandnes kyrkje - kranse-nedlegging og prosesjon til skolen - Sandnes skulemu-sikkorps - tale for dagen og betasuppe. God prat med naboer og sambygdinger om gammelt og nytt. Is! Heim til en kvil.

Men to ting utenom det vanlige: Etter talen for dagen på skolen, fikk Odd Birkestrand av ordfører tildelt kongens fortjenestemedalje i sølv - vi gratulerer! - og etter kvilen heime dro vi til rømmegraut hos Toralf og Eldbjørg på Mjanger.

Alt i alt en trivelig dag. Vi har utrolig mye å være takk-nemlige for som kan feire vår nasjonaldag med så stor grad av trygghet for vår hverdag!

14. mai 2006

Berre til Kaja!

Hei Kaja!
I kveld vil bestemor visa deg dei flotte lamma som ho og bestefar såg på Kvamme i dag. Det var mange sauer og lam der, og dei kosa seg i sola. Lamma er så snille og søte, og så trur eg dei er veldig glade for dei hoppar og sprett og dansar så flott at bestemor må le av dei. Bestemor synes det er så kjekt å sjå på lamma, ho smiler masse når ho ser på dei.
Ser du lammet som snusar på nakken til mora si? Det hadde veldig lyst til å hoppa opp på mora, men det ville ikkje ho, ho ville eta av det grøne fine graset.


Då sprang lammet sin veg, i full fart opp over bakkane, berre eine foten var nedpå bakken, så fort sprang det....

Lammet synes visst det var gøy, og bestemor og bestefar måtte le av det. Men så ropte sauemora på lammet sitt, ho likte ikkje at det sprang så langt. BÆ, BÆ sa sauemora, med djup stemme, bæ, bæ sa lammet med lys stemme, og så sprang det tilbake til mora og broren sin.
Då var det godt å få seg litt drikke, for også dei små lamma blir tørste når dei spring i full fart. Det vert sikkert Kaja og, alle vert trøste når dei spring i full fart!

Ha det fint Kaja, og hels til mamma og pappa og venene dine i barnehagen!

9. mai 2006

Så er våren kommet!

...med temperatur andre konfirmasjonshelgen på rundt og over 20 grader ....


4. mai 2006

Også Israelsmisjon i fokus

Vi har allerede lagt det meste av uken bak oss, og nærmer oss ny helg. Sist helg ble ganske travel. Søndag hadde vi årets første konfirmasjonsgudstjeneste - 11 flotte ungdommer i Frøyset kyrkje, og fullt hus. Og søndagen ble rammet inn av misjon. Mens Kari var fullt engasjert i basar på Kvingo, var jeg i Norheimsund på kretsårsmøtet til Israelsmisjonen. På bildet er det Torleif Elgvin som er i gang med sin inspirerende bibeltime i Norheimsund kirke.

Dagen i Norheimsund ble avsluttet med flott misjonsfest med fullt hus. Men israelsmisjonsperspektivet var ikke slutt med det. For første gang var jeg i år med ved det tradisjonelle 1.mai-møtet på Bildøy bibelskole. Igjen var det Torleif Elgvin som ga stor inspirasjon til arbeidet ved å berette om både jøder og palestinere som finner Messias i dag - fulgt opp av en grundig bibeltime ved redaktør Odd Sverre Hove om grunnene for at kristne bør være med og sikre Israels trygghet.

Israelsmisjonens arbeid er for meg blitt et viktig og sentralt engasjement - - det rører ved noe grunnleggende å være delaktig i arbeidet for å gi dette folket tilbake Ham vi har fått fra dem - den største av alle: Jesus Messias. Og når jeg nå er valgt til leder av kretsstyret, håper jeg at jeg på en konstruktiv og god måte kan bidra til dette.