8. okt. 2006

Studietur

Det var ikkje ferietur vi reiste på då vi drog til Kenya, det var faktisk langt frå ferie sjølv om vi starta med safari. Førmålet med turen var å bli kjendt med folk og land, med politisk situasjon og med Norge sin rolle som medspelar i utviklingsarbeid og demokratiutvikling. KrF har i nokre år hatt kontakt med regjeringspartiet Ford Kenya, og besøket på deira hovedkvarter var difor eit av høgdepunkta. På biletet under ser vi internasjonal sekretær John Inge Løvdal og Bjarte Tørå(som hadde same stillinga tidlegare men som no arbeider med demokartiutvikling i Kenya) i samtale med ein av leiarane i Ford Kenya.Partileiaren i Ford Kenya, mr. Kombo, er regionalminister i regjeringa. Han tok i mot oss på sitt kontor i departementet. KrFU sin delegasjon var saman med oss på mange av besøka. Det var kjekt!Torsdag kveld vart vi invitert på mottaking hjå ambasadøren i Kenya. Det vart ein stemningsfull og spanande kveld saman med andre norske i Nairobi, og med foredrag om kvinner og politikk i Kenya. På biletet ser vi KrFU delegasjonen saman med ein representant frå ambasaden. Under desse stilige hyttetaka fekk vi servert herleg middag.
Besøket i FN kvarteret var også ei oppleving. Å vandra gjennom det flotte parkanlegget under alle flagga gav ei kjensle av fellesskap og ansvar. HIV/Aids problematikken var tema for forelesningen vi fekk her.I tillegg til dette besøkte vi Den norske skulen, Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp. Fotoapperatet samarbeide dårleg under dei besøka.
Karen Blixenfarmen var det litt spesielt. Den orginale og dyktige danske kvinna har sett spor etter seg og det var ikkje få hus, gater og stader som bar hennar namn.


1 kommentar:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Kjære bestemor, mamma og svigermor!

Gratulerer så mye med dagen! Selv om du er blitt en gammel sjel, så viser jo disse reportasjene at du stadig går mot nye høyder!

Ringer deg senere.