18. feb. 2007

Mor

Så har det vi visste måtte skje, skjedd. Mor er borte, ho døydde fredfullt mandag 12. februar. Ei god mor, svigermor, beste- og oldemor er borte, og vi som er hennar næraste set att med vemod og takk i sinnet. Livet har ei grense, og mor nådde den i ein alder av 85 år. Vi er takksame for alt ho har gjeve oss og vi unner henne kvile.
Den siste tida har vore både god og tung. God fordi vi alle har vore saman, og tung fordi vi må skiljast.
Einar Skjæråsen sin salme uttrykkjer noko av det vi kjenner på:
Gledens tid og sorgens time har sin bolig i hvert sinn, lovet være han som åpnet første le og siste grind!

Gravferda er tirsdag 20. februar kl 1100 frå Seim kyrkje, og vi håpar mange vil vera med oss då.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, kikka innom bloggen her! Trist men samtidig godt at ho endeleg fekk sleppe, no er ho i Himmelen og er i trygge hender! Eg berre lurte på den songen som står nederst, heitte ikkje den songen Jeg har båret lerkens vinge(?)?Syns det var noko kjent!Eg kondolerar for tapet over mor, bestemor og oldemor!

Kari og Knut Fr. Sørheim sa...

Takk for hilsen fra 'anonymous'. (egentlig er det forresten fint å vite hvem som skriver ....)
Sangen er nok ikke 'Jeg har båret lerkens vinge', men en sang av Einar Skjæraasen som nå står i den nyeste salmeboka, Salmer 1997, på nr 41 og heter 'Himlen blåner for vårt øye'. Den siterte strofen er siste del av andre vers.