4. apr. 2007

Naboungar

Frode og Lise Marte er to av naboungane våre. I påskesola i Amundsbotn møtte eg dei på mandag, og eg fekk meg to varme klemmar!
I mange år har dei vore ein del av kvardagen, no er dei vaksne og bur ikkjeher lenger . Det er så kjekt å møta dei, og andre av "våre born", dvs dei som vaks opp saman med våre. På bilete ser vi Frode med si fru Annika , sonen Isak og Lise Marte. I vogna ved sida sov vesle Siri, og Odin var inne og øvde...
Isak måtte vera med i prestegardshagen for å klatra i trea som pappaen hans klatra i når han var liten. Det var kjekt og utfordrande for han som for alle andre gutar som har klatra i dei store prestegardstrea.

1 kommentar:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Veldig kjekt å se alle igjen. Dere må hilse mye fra oss!