7. okt. 2008

Vi gler oss

Vi gler oss veldig! Berre fire dagar att til Trude og Thorbjørn sin store dag! Nett no er det hektisk aktivitet med dei siste førebuingane, sjølv vi som set her heime i Masfjorden og ikkje har hovedansvaret tenkjer at no er det er viktig å hugsa på alt...... Torsdag morgon reiser mamma med fly til Torp og landar omtrent samstundes som Kaja, Eirin og Kjartan som kjem rett frå Thailand. Fantastisk! Fredag køyrer pappa, Bente, Frode og tante Ingvild, pluss onklar og tanter Sørheim. Og så - lørdag kl 1400 troppar vi opp i finstasen i Kragerø frikyrkje for å feira, syngja og be for det nye ekteparet. Det blir stort!
Lukke til dei siste dagane til brudepar og fam Amundsen i Kragerø. De har mykje meir å tenkja på enn oss langt her borte i vest........

Ingen kommentarer: