Karibu - namnet kunne passa på hytta vår - Kari-bu - men i Kenya tyder det velkomen. Saman med heile sekretærstaben i KrF har eg verkeleg kjent meg velkomen i dette landet som er så fylt av kontrastar.
Det er ikkje mulig å formidla inntrykka i eit lite blogginnlegg, det vert berre bilder og stikkord..
Eg har gått gjennom slum i Nairobi ein gong før, men inntrykket vart minst like sterkt denne gongen. Møte med borna var både godt og vondt - eg vel dette biletet der eg heiar saman med fotballglade gutar.... Kloakken, lukta, mørke andlet i skuropningane gjev meg ei vond kjensle, ei kjensle eg har godt av å kjenna der eg går som ein rik nordmann..... Ungdomane i slummen tok i mot oss med fantastisk og intens dans på senteret for barn og unge i slumområdet.Dette biletet er tatt under eit besøk i ein Masai-landsby. Kanskje var dette det sterkaste møtet for meg på denne turen. Vi vart informert om polygami, omskjæring av både jenter og gutar, om kveghald og kultur. Det var uverkeleg å sitja inni ei hytte der eg ikkje såg noko før eg såg omgivnadane på bileta eg tok. Inni dette mørke rommet budde folk, lam og kalvar under same tak,og ute på "tunet" overnatta kyr og sauer som la etter seg slikt som samla seg rundt kuskit og barneaugo..... fluger over alt..
Mannen på bildet over set på den eine av dei to sengene som var i huset, og biletet under viser kjøkkenhylla...underleg.......
Det storslåtte i naturen var kontrastfylt. Det var fantastisk å oppleva safari på savannen i både kvelds-og morgonsol. Mil etter mil på endelause vidder med villdyr på alle kantar. Må sei eg er ganske stolt over bildet av denne mektige løvekongen, fire, fem meter frå bilen. Eit mektig, men fredeleg møte heldigvis..
Giraffen er ein grasiøst og stilig dyr- kunstnerisk, om enn noko upraktisk skapt. Flott å sjå.
Fargar og lys over dei mektige viddene var fantastisk, eg vart "høgtidsstemt" for å sei det litt høgtideleg.
Til slutt eit bilete som syner vegstandaren mange stader - så har eg opplevd det eg har sett på mange misjonærbilder, vegen blir borte av vatn....
2 kommentarer:
Kjekt å lese. Godt å se at Krf sine sekretærer gjør erfaringer også utenfor pc-skjermen...
Likte bilde av løven mamma!
Og fotball bildet.... Det vekket vel mange gode minner i fra den tiden dine håpefulle spillte fotball. ?....
Kjekt å lese om det du har opplevd. Og gleder meg til å høre mere om det!
Klem
Legg inn en kommentar