24. jan. 2009

Julefest med himmelen som tak

Eg har hatt to fantastiske veker i Etiopia og eg vil dela litt av opplevingane her på bloggen. I dag blir det litt om 1. juledagsfest som vart laga til ære for meg i landsbyen Begi, ikkje så langt frå Sudangrensa. Her starta NMS sitt arbeid tidleg på 70 talet, og her feira vi jul 7.-8. jan. Gudstenestene vil eg skriva litt om i eigen blogg, i dag blir det festen 1. juledag.Under open himmel, med stjerner og nesten fullmåne som kvelv over meg, vart eg gjort ære på av kyrkjelege medarbeidarar. Under ein palmekledd portal med blinkande julelys og balongar(litt dårleg bilde), vart eg plassert saman med presten og NMS sin representant Gunvor Kongsvik ved eit blomsterpryda bord. Rundt i ring sat ca 40 medarbeidarar pluss ein del born. Festen starta med sang, Gudsord og bøn. Og medan vi ba, strøymde lyden frå moskeen i byen. Underleg oppleving, uvant for meg, men kvardagen og den daglege kampen deira. For to år sidan brende muslimane kyrkjer i dette området, kristne vart forfylgde, men den kristne kyrkja veks.....Etter andaktstunda var det tid for helsing frå Norge og gjennom to tolkar håpar eg at eg fekk formidla nokre ord til inspirasjon og glede. Så var det båltenning, og eg fekk æra av å tenna bålet. Rart å tenna eit bål i mørket midt i tørketida - det hadde vore ulovleg i Norge... Ein liten gut hadde lyst å hjelpa, borna var så herlege...Medan bålet lyste vart det servert mat. Sauen var slakta og kvinnene steikte kjøtet på gruene sine, tilsett sterkt krydder.
Kjøtet vart lagt på ei "lefse" og fingrane var bestikk. Først gjekk det ein gutt rundt med mugge og såpe så vi fekk vaska fingrane, så stilte folket seg i kø og stemningen var på topp. Indjerra heiter denne retten, som vi fekk servert så godt som kvar dag.
Det var ein heilt spesiell kveld saman med ivrige og tildels hardt prøvde medkristne.
For meg var det litt uverkeleg, var det eg som var der???? Det var det!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Gler meg til å lese meir!
åshild

Anonym sa...

Du har jammen vore med på mykje! Skal du arrangere ein god, gamaldags misjonskveld med lysbilete så me kan få sjå? Eg kan smørje lefser med MYKJE smør på :-)

Kari Skår Sørheim sa...

eg e klar Ingebjørg :-)

Det blomstrer året rundt sa...

Hei Kari!

Veldig interessert i Etiopia.Jeg er en tidligere kollega av din søster Ingvild.Har ei venninne hvis søster (Bodil Rettedal) har vært misjonær i Etiopia en "mannsalder".Får aldri nok av "stories" derfra.....

Hilsen Torbjørg