24. apr. 2010

Uro i Thailand får følgjer

På mandag skulle Mathea, Kaja, Eirin og Kjartan sett seg på flyet tilbake til Thailand. I vel eit år har dei vore i Norge og mykje har skjedd dette året. Gradvis har Kjartan henta seg inn igjen og blitt frisk, og Eirin gav oss Mathea som vart fødd i okt. Kaja har gått på skulen i nesten eitt år, og har mista den første tanna si. På mandag skulle dei reisa, men som kjent er det stor uro i Bangkok, og NMS og UD frårår folk å reisa dit. Difor er utreisa utsett.
Sist søndag tok eg farvel med dei i Sandnes og med klump i halsen reiste eg frå to nydelege småjenter og mammaen og pappaen deira. Så langt dei skulle reisa!! Eit heilt år til neste gong eg skulle få møta dei, tenkte eg. Men eg var også glad, glad for at dei endeleg skulle få reisa "heimatt" til heim og arbeid, friske og klare - fire denne gongen!

I dag kjenner eg også at eg er litt lei meg, men no er eg lei fordi dei ikkje får reisa- rart dette!

Likevel, vi må setja det i perspektiv! Uroa i Thailand er verst for folket der og vi ber om at det må skapast rom for dialog og fredeleg løysing mellom partane.

Ingen kommentarer: