22. juni 2006

Måseungane på skorsteinen

Hei Kaja! I kveld må bestemor fortelja meir om måsane på skorsteinen. Veit du, for tre dagar sidan då bestefar kom ut på trappa så fann han to små måseungar. Dei hadde ramla ut av reiret oppe på skorsteinen og heilt ned i tunet, og tenk at det gjekk bra endå så høgt det er, og så små venger ungane har!! Her ser du dei.

Men dette var farleg for dei små ungane og mammaen og pappaen kom i full fart og ville passa på dei. Dei vart så redde for ungane sine at dei ville flyga rett på bestefar når han kom ut. Han måtte finna ein stor paraply å ha over seg når han skulle ut fordi måsen var så sint. Nei, det var ikkje sinte dei var, dei var berre redde for ungane sine. På neste bilde ser du måsen kjem, og som ein liten prikk under den ser du ungen, midt i vegen.

Så fann måsemammaen begge ungane sine, og ho ville ha dei under seg slik at ho kunne passa dei for kattar, og skjorer, og farlege bilar som kom inn på tunet. Her ser du ein som står under mora og ein som er på veg innunder.

Endeleg fekk måsen begge ungane sine på plass, og så la ho seg oppå dei. Det gjer fuglane, dei lagar seng til ungane sine under kroppen og vengene sine. Der har dei det varmt og trygt. Men det var jo på ein litt farleg plass ho laga seng, ut i vegen! Tenk om det kjem ein bil!!
Men det har gått bra. I dag spring ungane ute i tunet og dei store måsane set oppå taket eller ein stolpe og passar på. Med ein gong vi kjem ut, eller det kjem ein bil så kjem dei i susande fart og passar ungane sine. Bestemor og bestefar synes dette er spanande og vi passar på dei så godt vi kan.

3 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk bestemor!

gggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggggghhheufinfuijcv

Anonym sa...

Hei Kaja! eit du- bestemor sat og skreiv på maskina si og pluteseleg høyrte ho at pappa las fortellinga om måseungane til det - og eg høyre at du synes det var kjekt! Det var gøy!!
Hei pappa: Lyden sto på etter at vi snakka tidlegare i dag, det var jo kjekt, og litt skummelt, følte nesten at eg lytta(og det gjorde eg jo...)Fin oppleving!

Anonym sa...

Hei! Sjølv om eg har vorte stor no, og har mista litt av min store fuglefacinasjon, likte eg og godt forteljinga om måsane tante Kari! Lurer på om de framleis orkar å vere tolmodige med overhissige måseforeldre... Eg Tippar at du Kaja, ser mange fine fuglar i Thailand og!