2. juli 2006

Action Time

For tolvte gong på rad har vi vore på KRIK's Action i Bø i Telemark med ei gruppe ungdomar frå Mas-fjorden. Denne gongen fekk vi med oss 14 i mini-bussen til Bibelskulen på Bildøy.
Som vanleg fantastisk bra. KRIK har mange flotte medarbeidarar som profilerer ei flott haldning til livet og til trua på Jesus. Vonar impulsane også får varig plass i våre ungdomar.
Fleire enn nokon gong var på Action i år - heile 1200 med leiarar og instruktørar.
Trur dei 14 frå Masfjorden fann seg godt til rette, sjølv om det ikkje alltid var like lett å stå opp om morgonen. Om kvelden - ved pølsegrilling - var det vesentleg lettare å vera på plass. Så skal det og seiast at bak tittelen ligg det dobbel tyding: Fordi Sommarland i år stengde kl 17, innførte leirleiinga eiga Action Time - første kvelden flytta vi alle klokka 1 1/2 time fram - slik at vi i realiteten sto opp kl 06.30 - bibeltime 07.30 og ro kl 22.30 .... - og det gjekk faktisk! Utruleg kor vi let oss styra av kva klokka viser!
Til sist eit glimt frå heimturen - det trengs litt mat og pause undervegs. Lørdag ettermid-dag var vi vel heime.

1 kommentar:

The Moff sa...

den margamus prague el achi baba aneles?