30. des. 2006

Hei Kaja!

I dag kjem det ein liten nisse på besøk til deg. Han håpar du har hatt ei fin jul i Manila og at du har kome heimatt til Phibun no. Du må spørja pappa om han kjenner denne koselige nissemanen, bestemor trur han gjer det. Ho trur pappa hugsar at han fekk denne nissen hjå ei dame som budde i same huset som oss på Askøy. Ho hadde laga denne til han fordi ho synes pappa var så kjekk ein liten gutt. Nissen hadde ein grøn sekk på ryggen med to små nøtter oppi, men denne sekken er borte vekk no. Kanskje nissen har blitt så gamal at han ikkje orkar gå rundt med ein tung sekk på ryggen lenger, men det gjer ikkje noko. Kvar jul finn bestemor fram denne nissen, og sjølv om han er gamal og litt tufsete får han ein fin plass godt gøymt inn ved stammen på det store juletreet vårt. Bestemor trur han likar seg der, litt på lur innimellom greinene. Ho trur han likar å kjenna lukta av grantreet, sjå på alle lysa og pynten som heng der, og så kosar han seg når vi pratar og har det kjekt saman. Så trur bestemor at han tenkjer på alle som har vore inne i stova vår gjennom mange julehelger, og særleg godt hugsar han ei lita jente som var der for tre år sidan. Ho var så lita då at tante Bente måtte halda hanne godt fast og passa på at ho ikkje reiv av julepynten.
Ser du at nissefar set på lur i dette juletreet også? Dette hadde bestemor lyst å fortelja deg i dag, og så vil ho ønskja deg og mamma og pappa og alle venene dykkar eit Godt Nyttår :-)

Ingen kommentarer: