2. feb. 2008

Hei Kaja

" Det snør, det snør, tiddelibom, det er det det gjør, tiddelibom. Nå snør det mye mer enn før......."- det syng Ole Brum og det syng bestemor også i dag! Masse snø dalar ned i frå himmelen og alt vert kvitt og fint! Då blir bestemor nett som ei lita jente- då vil ho ut i snøen. I dag har ho gått seg ein lang tur, og snøen gjorde jakken kvit og bestemor glad. Veit du, når det snøar slik då tenkjer bestemor på korleis det var å vera jente heime hjå oldemor og oldefar, og eg har lyst å fortelja om eit koseleg og godt minne frå eg var ei lita og snøglad jente.
Då budde bestemor nede hjå Skår, der som du og eg var på tur i sommar, og vi hadde sjokolade med oss. Du ser det på det andre bildet.

Det var ein vinter med masse snø, og bestemor hadde så veldig lyst på ein kjelke med ratt på. Det var det mange andre av borna som hadde, men ikkje eg. Eg hadde så veldig lyst på rattkjelke......men eg visste at det kosta mange pengar... Så var det ein ettermiddag eg var ute i snøen, og oldefar, som var bestemor sin pappa hadde gått på butikken. Eg hugsar at eg såg han kom heim, såg han oppe i vegen, og han hadde med seg noko som han drog etter seg i snøen! Og veit du, det var akkurat ein slik kjelke som eg hadde så veldig lyst på!! Og den var så fin! Den var lakka, lys og gul og fin, den hadde blanke meiar(pappa må forklara kva det er), og eit kjempestilig ratt! Eg visste ingen ting, oldefar hadde aldri lova med ein slik kjelke, eg visste at den var så kjempedyr, og eg viste at pappen min ikkje hadde så mange pengar! Men så kjøpte han ein til meg likevel! Bestemor gløymer aldri den dagen, ho hadde fått den finaste kjelken av alle, og du kan tru eg var kry når eg tok den med til vennene mine og viste den til dei. '
Kvar vinter når snøen kjem så tenkjer bestemor på den dagen, og på den gode pappaen sin som brukte av dei dyre kronene sine for å gjera jenta si glad! Eg trur at han og var glad, for han var så lur i ansiktet sitt. Bestemor har kjelken endå, berre spør pappa.

No er de i Bangkok har pappa fortalt, kanskje les du ikkje denne bloggen på lenge, men det var kjekt for bestemor å skriva dette til deg i kveld, og så kan jo du og pappa eller mamma lesa dette når de kjem heimatt!

Ingen kommentarer: