7. juni 2008

Min tur...

Knut er så flink å skriva på bloggen, eg har kome litt på etterskot, men i dag er det min tur... (eg reknar med at de skjønar at det er Knut sine tankar som kjem på bokmål og at det er Kari sine som kjem på nynorsk.)
I det siste har Knut fortalt ein del om engasjement og arrangement som er knytta til misjons- og organisasjonsliv som han er med på, og då tenkte eg at eg skulle fylgja opp i same sporet i dag. Eg må skriva litt om det som er mitt misjonsengasjement for tida, NMS si generalforsamling i Bergen 9.-13. juli. På mange måtar er dette "mitt" arrangement fordi eg er leiar i hovedkomitten som skal førebu dette store arrangementet. I snart tre år har vi jobba og no strøymer påmeldingane inn og det gler vi oss stort over.
Programmet er innhaldsrikt og variert, ganske sikkert noko for ein kvar smak. Eg håpar mange av våre blogglesarar har meldt seg på - viss ikkje så gå inn her .Det svarar seg å melda seg på, eg lovar at du skal få ei god oppleving ! (bilde av koret Malaika frå Kamerun som syng på GF)
Misjon er å å tilby evangeliet til menneske som ikkje kjenner det. Misjon er å byggja kyrkjelydar der tru og fellesskap får utviklast. Misjon er å gje bistand og hjelp til dei som treng det. NMS driv eit verdsomspennande arbeid og dette arbeidet er det flott å vera ein del av.
Eg er glad for å få vera ein del av dette medarbeiderskapet i Guds rike, og eg er spent på om det vert nye utfordringar for meg etter GF - eg har sagt ja til å vera ein av to leiarkandidatar til landsstyret, og det er eit verv eg stiller til med både frimodig og skjelvande hjarta.... Godt det er demokratiet som skal styra resten, og eg ber Gud at han må bruka det slik at NMS får den leiaren misjonen er best tent med....
Den andre leiarkandidaten er Kjell Erfjord frå Rogaland.

Ingen kommentarer: