Først går vi og leitar og leitar heilt til vi finn det finaste treet i skogen. Når vi har funne det så sagar bestefar treet med saga si.
Tante Ingvild finn alltid så mange flotte greiner som ho vil ha med seg heim og pynta med. På dette biletet har ho funne lerkegreiner med fine små konglar på som ho viser til bestefar.
Når vi skal gå nedatt frå skogen tek bestefar juletreet på nakken og ber det ned til huset. Det er litt tungt, og bestemor er glad ho slepp bera det.
Her er tante Ingvild med greinene sine. Bestemor og bestefar er glade for at tante Ingvild likar å pynta fint, og vi gler oss til ho kjem til oss på julekvelden,då pyntar ho nok litt til oss også Det er alltid kjekt når tante Ingvild kjem, det syntes pappa også når han var liten og budde hjå oss, han venta veldig på tante Ingvild....
Om to dagar skal vi ta juletreet inn i stova. Det skal stå i den kroken som du har leikene din når du er i Masfjorden. Vi skal ha lys, kuler, englar og andre fine pynteting på det, det blir så fint. Bestemor gler seg!

Ditt juletre er sikkert litt annleis, men det er heilt sikkert fint og bestemor gler seg til å sjå bilete av det.....
1 kommentar:
Koselig!
Legg inn en kommentar