2. apr. 2006

Søndagsmorgon

Det er stille søndagsmorgon. Lukt av kaffi og nykokt egg heng i lufta rund meg framleis. Sangtimen og friluftsmagasinet er slutt, snart kjem gudstenesta. Knut har nett reist ut på ein lang gudstenestesøndag, Frøyset kl 11 og Solheim i ettermiddag, han kjem vel heim i nitida i kveld. Det vart ikkje at eg blei med i dag. Hadde ein lang jobbedag i går, rådsmøte for KrF i Bergen, med Stat/Kyrkje som tema. Flott samling, Kåre Gjønnes held foredrag, han er ei dyktig kar! I ettermiddag reiser eg att, skal vera i Oslo i morgon tidleg på samling for bispedømerådsleiarar. Eg reiser til farmor i kveld då er vegen kort til Flesland, og vi to har bestemt oss for å gå på Tomasmesse i Fana kyrkje i kveld. Det kan bli fint det, Fana kyrkje er flott og Tomasmesse er litt annleis.
Det er litt grått i dag, men snøklokkene ute i hagen var så nydusja og fine at eg synes dei skulle få bli søndagsbiletet mitt i dag!
Desse livsfriske blomane skal også få stå å ønskja den vesle guten til Anette og Frank velkomen til verda, og tillukke med livet!!

Ingen kommentarer: