31. mai 2006

Thailandbasar på Kvingo

I ettermiddag har det vore barneforeningsbasar på Kvingo. Barneforeninga der har misjonsarbeidet til Eirin og Kjartan i Thailand som si oppgåve. På kvart møte viser dei bileter frå Thailand, fortel om arbeidet og ber for Thailandmisjonærane. I dag har eg vist bileter eg har funne på bloggen og hatt andakt. Tilbake fekk eg ein koseleg presang til Kaja, den skal ho få når vi kjem til henne og dei andre 19. juli....
Å vera på basar på Kvingo er noko av det kjekkaste eg gjer, det er så triveleg der og så god stemning og både barn, unge og vaksne kosar seg i lag.
Takk for flott innsats Eldbjørg, Inger og medhjelparane dykkar!

3 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk for alt engasjementet! Vi setter stor pris på dere!

Anonym sa...

I say briefly: Best! Useful information. Good job guys.
»

Anonym sa...

Your website has a useful information for beginners like me.
»