28. mai 2006

Bestemorbrev til Kaja!

Hei Kaja!
I dag må bestemor fortelja om noko rart som ho har sett oppe på skorsteinen på huset vårt. Bestefar måtte ut å ta bilete av det slik at eg kunne fortelja deg om det. Her ser du bilete av huset og den eine skorsteinen.


På denne skorsteinen kom det for ei stund sidan to måsar. Måsar er fine, kvite og grå, og litt svarte fuglar. Vi fekk berre bilete av den eine, for den andre den flaug rundt og rundt i lufta og held vakt. Dei vart visst litt redde då dei såg oss, og veit du kva dei seier når dei skal snakka?- dei seier nesten- kaaja, kaaja, kaaja...Det synes bestemor er koseleg, for det er nesten som dei ropar på deg!! Veit du kvifor dei ropar og held vakt? Det er fordi dei har laga seg reir på skorsteinen! Reiret er huset til fuglane og oppi reiret har mammamåsen lagt egga sine. Difor passar dei så godt på, dei er redde for egga sine.

Måsen må liggja oppå reiret sitt heile tida, dei må varma egga sine. Det må dei gjera lenge, mange dagar, stundom ligg mammamåsen og stundom pappamåsen. Dei må bytta på det slik at dei kan fly ned til sjøen og finna seg mat. For mat må dei ha. Heldigvis er det kort veg til sjøen og der finn dei fisk. Kvar dag når bestemor og bestefar går ut så må vi kikka opp på skorsteinen for å sjå om måsen er der. Her ser du han ligg så fint.Det skal bli spennande å sjå korleis dette kjem til å gå. Bestemor håpar det går bra, men ho synes reiret er litt høgt oppe. Eg skal fortelja meir når ungane har kome ut!

2 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk!

ccnj'uiiiiiiiiiiiiiiii tttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttttt ..nnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnnn jjjjjjjjjjjjjjj

Hilsen Kaja

Anonym sa...

Great site loved it alot, will come back and visit again.
»