5. sep. 2006

Hei Kaja !

No er det lenge sidan eg har skrive til deg. Takk for sist, det var SÅ kjekt å vera hjå deg. Mens bestemor og bestefar var i Thailand hjå deg vart masse blåbær ute i skogen blåe, modne og gode. Hugsar du at bestemor fortalde deg at ho er veldig glad i blåbær? Det var flott at vi kunne kjøpa blåbærsyltetøy i Ubon. Endå er det blåbær i skogen, men dei er ikkje så gode lenger. Ein ettermiddag det var fint vær gjekk bestemor ein liten tur rundt Neset, og då fekk ho så lyst til å plukka blåbær slik ho gjorde då ho var liten. Ho fann seg eit fint langt strå og så tredde ho eit og eit blåbær innpå strået, til slutt vart det eit fint blåbærstrå. Det vart nesten som eit perlesmykke. Bestemor kosa seg og synes det var kjekt å laga blåbærstrå, og så tenkte ho på at slik kan du og ho gjera når du skal vera med bestemor på blåbærtur neste sommar.

2 kommentarer:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Tusen takk bestemor! Jeg har veldig lyst til å være med neste sommer!

iiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiilllllllllllllllbfdufhhhhhhhhhhhhh ffrrrk
ttttttttttttttttttttttt 88888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888888

Hilsen Kaja