17. sep. 2006

Septembersøndag

Ein fantastisk septembersøndag går mot kveld. Strålande sol og temperatur over 20 grader er jo litt spesielt. Eg har hatt ein stille og roleg dag åleine heime. Etter ei travel veke har det vore godt å berre tusle omkring og observert litt av hausten sitt inntog.
Plommene må ta litt a skulda for at livet har gått litt sakte denne helga. Det er ikkje lett å hugsa at magen har sine grenser for hausten si saftige gåve.
På tusleturem min til Kvamme var det mange raude tyttebær som lyste mot meg - eg skulle jo hatt med meg ein pose, eit spann eller ein kopp- men det hadde eg ikkje. Men lommer hadde eg- og for første gong har eg plukka tyttebær i ei lomme.

Skjeldan har rognebæra vore flottare enn denne hausten, det varslar lite snø til vinteren lærte eg som liten- "Raunen ber ikkje tung bør to gonger i året"vart det sagt. Då ville eg gjerne hatt lite rognebær og mykje snø- eg har vel endra meining om den saka no...
Og så til slutt - saueskit i vegen, mykje saueskit, det betyr at juleribba har kome nedatt frå fjellet.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for fin hauststemning! Dersom de et dykk dårlege på plommer, kan du heller ta med eit spann inn til Ingebjørg.. Ho er så hungrig på plommer...