Det er alltid kjekt for tante Kari å få lov til å presentera nye knuppar på slektstreet vårt, og det er med stor glede eg presenterer denne vesle guten som har fått det flotte, og kongelege namnet, Sverre! Mor hans er Ingrid, vårt fadderbarn som vi på ein spesiell måte har fylgt opp gjennom åra. Faren er Eivind, og sist sommar hadde vi gleda av å vera gjestar i deira trivelege bryllup.
Kjære Ingrid og Eivind, gratulerer med denne flotte guten med det klangfulle namnet. Dumt at de bur så langt unna, skulle gjerne fått sett han medan han endå er heilt nyfødt. Ingen ting er så fasinerande som eit heilt nytt og nyfødt barn. Det er godt å vita at han får det godt hjå dykk, trygge og flotte som de er. Lukke til som foreldre!
Gratulerer også til besteforeldre, tanter og onklar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar