31. aug. 2008

Hei Kaja

No er det lenge sidan bestemor skreiv blogg til deg. I dag vil eg gjera det. Bestefar har nett reist på gudsteneste i Frøyset, men bestemor ville vera heime i dag.
I dag vil eg fortellja om ein fjelltur som bestemor og bestefar var på, og det kan du tru var ein tøff og gøy tur. Vi gjekk og vi gjekk, først var det ganske bratt, men vi gjekk på ein fin sti opp til Håvarden. Der kvilte vi oss litt, åt appelsin og skreiv navnet vårt i ei bok. Frå Håvarden såg vi langt ut i havet - det er stilig synes bestemor.

Så gjekk vi vidare, og det var då det vart vanskeleg. Vi skulle ned ei bratt li og oppatt ei endå brattare li. Bestemor tenkte at her kunne det aldri ha gått folk før, for det var reine urskogen. Vi klatra og kraup og bestefar måtte venta på bestemor mange gongar. Men det var litt gøy og. Plutseleg ropte bestefar -pass deg, her er ei stor hole! Bestemor trudde ho skulle klara det fint, men veit du - eg ramla rett ned i holet, trilla rundt og havna opp ned i lia. Eg slo meg ikkje for det var mykje gras der, og rumpa landa flott ned i det store holet. Vi lo og lo, og eg trudde ikkje eg skulle koma meg oppatt - til slutt måtte bestefar hala og dra meg opp.
Då vi kom oppatt på Mjangersfjellet var bestemor glad - der er det fint kan du tru. I kikkerten såg vi fem store oljeplattformer langt ute i havet, og mange store båtar.
Havet var heilt stille, det er så fint Kaja! Det er så flott å få sjå alt det vakkre som Gud har skapt, havet, himmelen, fjellet, trea, mosen på berga, hjortane som spang då dei oppdaga oss, hoggormen som pilte innunder steinane når vi kom - alt er så vakkert, og vi kan sjå på det heilt gratis!
På ein stor stein dekka vi bordet vårt, drakk kaffi og åt skive med brunost og fårepølse, det synes i er best å ha på skiva på fjellet. Og så måtte bestemor kvila middag.......
Heldigvis at bestefar var med på turen -bestemor og bestefar kosar seg på fjellet, og når vi kom nedatt til Mjanger fekk vi herlege plommer på terassen hjå Eldbjørg og Toralf.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ja du var elegant på bilde da du falt.... He he skulle likt å sett det live!


Klem fra sandviksveien